Påskekonsert: "FAST SOM FJELL" - AVLYST!

Påskekonsert: "FAST SOM FJELL" - AVLYST!

Askim kirke lørdag 4. april kl 19.00

Ved inngangen til påskeuken inviterer Norheimsund og Øystese Ungdomskor til Påskekonsert. Her er en omtale av konserten:

"Kvart år sidan 1968 har Norheimsund og Øystese Ungdomskor reist på misjonsturné for å spre songog musikkglede og samle inn pengar til eit prosjekt. I år går turen til Viken og Oslo. Koret skal ha base på Oven leirsted ved Rygge. Konserten koret framfører har fått namnet "Fast som fjell". Gjennom musikk, tekstlesing, drama, lyssetjing og bruk av bilete på storskjerm vert publikum teke med på ei vandring frå palmesøndag til påskemorgen. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle påskesalmar til nyare påskesongar. Alt blir framført på norsk. Det er gratis inngang på alle konsertane, men koret tek opp ein kollekt. Turnékostnadane betaler ungdommane sjølve, så alle innsamla midlar går uavkorta til koret sitt misjonsprosjekt. I år støttar koret eit NLM-prosjekt i Kenya. Prosjektet blir presentert på konserten. Kormedlemmene er i alderen 13 – 19 år. Dirigent for koret er Vidar Sangolt frå Norheimsund i Hardanger. Bandbesetningen består av piano, synth, gitar, bass, trommer, perkusjon, samt blåserekke med tuba, kornett, saksofon og trombone. Koret har 30 songarar. Velkomen på konsert!"

 

Gratis inngang - kollekt!

Powered by Cornerstone